Nyheter

Utstilling: Arne Svalastog - Skogens Uro

Arne Svalastog
”Skogens uro” ("The Forest Unrest")

Galleri Schaeffers Gate 5

9.-19. November 2023

http://schaeffersgate5.no

åpningstider (opening hours)

onsdag - fredag kl 15 - 18
(Weds-Fri 3-6pm)

lørdag - søndag kl 12 - 16
(Sat-Sun 12 Noon - 4pm)

OM UTSTILLINGA

Utgangspunktet for alle fotografia i utstillinga er kulturskogen, altså skog som i stor grad er påverka av menneske, og menneskeleg aktivitet: landskapet langs vegar og hogstflater, randsoner, plantefelt, vindfall.

Slik sett problematiserer tittelen ”Skogens uro” det kjente uttrykket ”skogens ro”, som på mange måtar er eit glansbilete og ei sovepute.

Tittelen og fotografia har samtidig også i seg det meir innovervende og personlege i møtet mitt med skogen: Lyset. Den langsame tida i ein skog. Det vakre. Det mystiske. Det skumle. At eg ofte kan føle ei uro der meir enn ei ro, både på skogens vegne, men like mykje i mi eiga oppleving i og av den.

OM KUNSTNERSKAPET

Eg er i hovudsak autodidakt, med eit ½ års-kurs i fotografisk dokumentasjon ved Nordens Fotoskola i Stockholm som viktigaste input. Den dokumentariske haldninga derifrå har eg tatt med meg inn i det kunstneriske arbeidet mitt, og den er fortsatt ofte utgangspunktet for det eg fotograferer, og også måten eg fotograferer på.

Eg er i fotografia mine generelt oppteken av det forgjengelege, og korleis menneska påverkar naturen og motsett. Som større prosjekt har eg tidlegare fotografert den siste tømmerfløtinga i Norge (som enda opp i bok og separatutstilling på Norsk Skogmuseum i 2011) og det islandske landskapet sett frå bilvindauget, gjennom mange studieturar (med fleire kunstnaropphald hos SÍM i Reykjavik). Eg fotograferer primært analogt, og ofte i svart/kvitt. Eg arbeider nesten utan unntak tematisk, og i seriar. Noko av det viktigaste for meg i sjølve fotograferings-situasjonen, er å opne opp for det tilfeldige, og dermed for det eg ikkje kan eller vil styre.

Arne Svalastog

Gvarv, september 2023

Kontakt:

Mobil: (+47) 906 52 901

E-post: svalastog@online.no

Web: http://www.svalastog.no

alle bilder © arne svalastog 2023

Design plakat/event/flyers: Lisbeth Finsådal lisbethfinsaadal.com

siste