Nyheter

Statens Kunstnerstipend 2023

I dag ble tildelingslister for alle stipendtildelingene fra SKS lagt ut på Kulturrådets hjemmesider.

I den forbindelse har stipendkomiteen for fotografene kommet med en samlet uttale vedrørende arbeidet med årets tildeling:

Eitt år har gått sidan sist me i komiteen satt saman over den vanskeleg oppgåva med å dele ut stipend, og komiteen vil takke alle søkarar nok ein gong for at dykk deler prosjekta og tankane dykkar med oss. Det er godt å sjå i søknadsmassa korleis det kamerabaserte utrykket både utfordrast og utvidast, samstundes som det vert arbeida med i meir tradisjonelle former. I år som i fjor har komitemedlemane meldt seg inhabile til søkarar som dei har eit direkte arbeidsforhold med, eller dei er i ein veldig nær sosial relasjon til søkaren, der årets tildelingar visar til det store spennet i det kamerabaserte, samstundes som komiteen i år som i fjor har teke med i betraktninga kjønn, alder og geografi i den endelege utvelginga.

Det er framleis eit fokus på miljøutfordringar og klima i fleire av prosjekta i søknadsmassen, men der me også ser fleire introspektive prosjekt kring blant anna det kvardagslege møte med verda, arkivet, minne, og fleire spanande samarbeid både innad i det kamerabaserte, men også på tvers av ulike kunstnargrupper.

Fotoboka er også veldig framtredande i årets søknadsmasse, der det er fleire, både små og store, forlag som fokuserer på fotopublikasjoner på eit høgt internasjonalt nivå. Komiteen vil ved dette høve sei at sjølve forlaga kunne ha godt av økte bevilgningar og utvida støtte for å betre imøtekoma kunstnarane i arbeidet kring publikasjonane, samt skapa eit betre økonomisk grunnlag for både forlag og kunstnarar.

Og i år, kanskje spesielt akkurat i år, har arbeidet vore berikande og utfordrande, spesielt med tanke på den økonomiske situasjonen mange menneskjer står i, ikkje berre innanfor kunsten, men i samfunnet generelt. Der økte bevilgningar er viktig, men der me også må hugsa den større sosiale kampen om like fordelar i arbeidslivet for kunstnarar, med andre ord: Ein må få betalt for jobben ein gjer med dei sosiale godene det skal føra med seg. Med dette kampropet ynskjer me i komiteen å takka for oss, og tusen takk til alle kunstnarane som fortset å arbeida for å skapa eit levande og utfordrande kunstfelt.

På vegne av stipendkomiteen for fotografer,

Marius Moldvær, komitemedlem
Hilde Honerud, komitemedlem
Mariken Kramer, komitemedlem
Tor-Finn Malum Fitje, 1. varamedlem
Iselin Lindstad Hauge, 2. varamedlem

Tildelingslister finner du her.

siste