ForbundetFrieFotografer

Vårutstillingen 2026

Johanne Nyborg

Johanne Nyborg

I skogen smuldrar ei gamal furu sakte mot bakken. Nedbrytinga er eit presist samspel mellom hundrevis av soppartar, kvar med sin spesifikke plass i rekkefølga. I skogen er liv og død likestilte og fullstendig av- hengige av kvarandre. Desse verka er skapt i respekt for denne brutale balansen og det intrikate samspelet mellom artar.

Soppsporar blir hausta i skogen og dyrka fram i petriskåler på laborato- riet. Seinare blir dei blanda saman med trefiber og pakka i ei form. Over tid veks og utvidar myceliet seg og bygger ei kompakt blokk. Ramma blir deretter tørka, og soppen går i dvale.

Nedfelt i rammene er handlagde fotografi av innerbork i ulike stadier av nedbryting. Fotografiet blir både ein del av, og står i kontrast til, soppen som omgir det. Saman skaper dei ei taktil og sanseleg oppleving der soppen rammar inn sin eigen forråtnelsesprosess.

Rammene er produsert i samarbeid med Mycela.

BIO

Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar basert i Oslo. Ho har utdanning fra Westerdals og Bilder Nordic. Hennar første fotobok, Geitmyra, kom ut i 2022, og i 2025 debuterte ho på Høstutstillingen. Våren 2026 gir ho ut sakprosaboka Tolv dagar i april på Samlaget.