Nyheter

Magasinlansering - Gilka QTLY#4 - Geir Egil Bergjord

Geir Egil Bergjord presenterer Gilka QTLY#4;

Lanseringsfest med langbord i Studio 17 (Nytorget 17, 4013 Stavanger) fredag 7. februar kl 19.00–21.00:

Benytt høve til å bla i og kjøpe magasinet før første salsdag i Narvesen 13. februar.

Enkel servering til det er tomt.

Alle er velkomne!

https://www.facebook.com/event...

Gilka QTLY er eit fotomagasin med referanse til kulørt vekepresse i format og papirkvalitet. Bladet er fritt for tekst og har utfallande fotografi på alle sider. Utgåve #4 er basert på bilde av bil- og scootertrekk fotografert på nattestid i Beijing, Arendal, Stavanger og Creteil, ein forstad til Paris.

Gilka QTLY#4 har første salsdag i Narvesen 13. februar og er i sal til 7. mai 2020.

Utgåva er delfinansiert med støtte frå Billedkunstnernes vederlagsfond og Stavanger kommune. Trykka i Stavanger av Gunnarshaug trykkeri AS.

siste