Nyheter

Boklansering: Geir Egil Bergjord - Hardanger Stavanger


Velkommen til lansering av fotoboka «HARDANGER STAVANGER».

Lanseringa tar form av en samtale mellom Bergjord og byantikvar Hanne Windsholdt. Bildemateriale i boka, som viser Tau-ferja sett frå vindauge i private husvære og tronge smau i havneområdet, blir inngangen til ein samtale om byutvikling i lys av Stavanger si havnehistorie. Anne Tove Austbø ved Stavanger maritime museum er moderator for samtalen.

Tid: torsdag 18. november kl 18.00

Stad: IDDIS Café & Brasseri, Andasmauet 15, 4005 Stavanger (i Gamle Stavanger)

Fri entré og salg i kafé.

Om boka: «HARDANGER STAVANGER» er satt saman av stillbilde frå filmprosjektet Tur-retur STAVANGER. Tau-ferja som kjem og går i Østre havn er filma frå Grasholmen, Verven, Bekhuskaien og Fiskepiren i Stavanger, og i boka blir bilde frå 65 ulike klipp presentert i sekvens over 130 sider. Boka har inviterte tekstbidrag i form av ein kunstfagleg tekst av Helga Nyman og eit essay i transportsosiologisk perspektiv av kunst- og arkitekthistorikar Even Smith Wergeland, samt havnehistorisk bidrag frå Anne Tove Austbø og etterord av Bergjord sjølv.

Filmprosjektet Tur-retur STAVANGER vart stilt ut som fleirkanals videoinstallasjon i «hovedrom 1» i første etasje i Stavanger maritime museum i perioden 12.11.2020–15.08.2021. Dokumentasjon frå utstillinga er tilgjengeleg på: www.bergjord.com/tur-retur

Boka er på 160 sider med stivbind og gis ut på Gilka forlag. Boktittelen «HARDANGER STAVANGER» er henta frå skroget på ei av ferjene i det nedlagde Stavanger–Tau sambandet. Utgjevinga er produsert med støtte frå DSD, Norled, Stavangerregionen Havn IKS og Stiftelsen Fritt Ord. Boklanseringa blir gjennomført i samarbeid med Stavanger maritime museum (MUST).

ISBN: 978-82-92829-06-6

Ordinær pris for boka: 250,-

NB: 20% rabatt under lanseringen.

For meir informasjon: https://iddismuseum.no/events/...

Lenke til Facebook-arrangement: https://fb.me/e/1T73q2k1H

siste